• alt text
Avbilda: Tor Gjøsæter, Kjersti Steinbø og Lars Nyre

Kursleiar Lars Nyre

Webprogrammering Tor Gjøsæter frå raudrev.no

Manus og film Kjersti Steinsbø frå madmonkey.no

Det herrens år 2013

Me lærar studentane å læra sjølv

Kva er ein webserie? Då semesteret starta i januar visste me ikkje heilt svaret. Men etter hardt arbeid med kamera, mikrofon og datamaskin har studentar og lærarar produsert sju ulike webseriar. Dei gjev eit muntert og intertekstuelt svar på spørsmålet.

INFOMEVI 171er eit praktisk kurs spesielt innrettta på studentane i nye medier og film og fjernsyn ved Infomedia. Våren 2013 dreier det seg om å laga ein fiksjonsorientert webserie. Det vart fleire mockumentaries, ein film noir, ein fiktiv naturdokumentar og nokon endå rarare sjangerkombinasjonar.

Seriane skal halda høg biletmessig og lydleg kvalitet, og skal også utnytta webmediet kreativt til visningsfunksjonar. Studentane lærer alt samtidig: programmering, design, manusskriving, scripting, filming, lydinnspeling, redigering, og meir. Webserien skal publiserast (i betaversjon) i HTML5, og den skal vera offentleg tilgjengeleg gjennom denne sida. All bruk av rettigheitsbeskytta materiale er avklart av dei ansvarlege.

På INFOMEVI 171-kurset får studentane teknisk og kreativ opplæring innafor fire konkrete område: dramaturgi, webdesign, lydetterarbeid og AfterEffects. Undervisninga føregjekk fyrst i to undervisningsgrupper på ca. 20 studentar i kvar, med grunnleggande ferdigheiter. Kjersti Steinsbø har undervist i dramaturgi og film, Tor Gjøsæter i web-programmering, og Kurt Gjerde, Stein Unger Hitland og Silje Stenkløv har undervist i lyd og redigering. Lars Nyre har vore rettleiar på gruppene sine produksjonsrapportar.

I slutten av februar byrja filminga for alvor. Gruppene skulle levera episodar annakvar veke til fire episodar var ferdige. Parallelt fekk dei opplæring i lyd og redigering, og web-programmering i HTML5. Etter kvart som webserie-prosjekta utvikla seg byrja faglærarane å gje rettleiing direkte på dei enkelte prosjekta. Det var spesielt Steinsbø og Gjøsæter som stod bak denne innsatsen.

Mot slutten av perioden skreiv kvar gruppe ein omfattande rapport om produksjonen av webserien. Den var på ca. 8000 ord, med aktiv bruk av screenshots, pensum, weblenker, etc. Rapporten vert avkrevd følgjande innhald: salgspitch til bransjen, handlingsreferat av kvar episode, sjangertilhøyrigheit, webdesign, filming og klipping, lyddesign, og samarbeidsrelasjonar i gruppa. Studentane har vore pliktoppfyllande i dette arbeidet, og rapportane gjev eit presist og spennande innsyn i produksjonsprosessen blant studentar i 2013.