Master i Kjemi
Organisk syntese og legemiddelkjemi

Dei fleste legemiddel inneheld organiske sambindingar (farmasøytisk aktive ingrediensar) som blir laga ved å reagera ulike organiske molekyl med kvarandre. I forskningsgruppa arbeider vi både med å utvikla nye biologisk aktive molekyl og nye kjemiske reaksjonar. Dei nye reaksjonane blir brukte til å laga nye biologisk aktive molekyl og/eller til å framstilla kjende farmasøytisk aktive ingrediensar på nye og meir miljøvenlege måtar. I åra som kjem vil vi dra nytte av bioprospektering og bruka biologisk aktive molekyl frå marine organismar som hjelpemiddel i dette arbeidet. Forskningsgruppa har eit stort internasjonalt nettverk, og dei siste åra har studentar frå sju-åtte land arbeidd hos oss. Tek du masteroppgåve hos oss får du gode kunnskapar om kjemiske reaksjonar, separasjonsmetodar, organisk analytiske teknikkar og solid erfaring i å handtera kjemikalier på ein forsvarleg og sikker måte.

Aktuelle rettleiarar

Naudsynte emne

Tilrådde emne

Tilrådde emne i Bachlor graden
Professor Hans-René Bjørsvik Førsteamanuensis Bengt Erik Haug Professor Leiv K. Sydnes KJEM230, KJEM231, KJEM232 KJEM225, KJEM233, KJEM238, KJEM243, KJEM251, KJEM331, KJEM334, KJEM336, FARM236 KJEM231, KJEM232(1),
KJEM250

(1) Emnet har avgrensa tal plassar, og masterstudentar har fyrsteprioritet dersom fleire søkjarar enn plassar.Dersom emnet ikkje vert avlagt som valemne i bachelorgraden, må emnet avleggast i løpet av mastergraden.