Master i Kjemi
Organisk geokjemi, petroleumskjemi og fornybare drivstoff

Organiske sambindingar er viktige energikjelder og energibærare.  Olje og gass, inkludert gasshydrat, dannes i langsame geologiske prosesser i naturen og er (i menneskeleg perspektiv) ein avgrensa ressurs.  Den organiske kjemien som inngår i disse prosessane kallast organisk geokjemi, og forskinga her drivast i stor grad i tverrfagege grupper som inkluderer geovitskap og mikrobiologi.  Alternative drivstoff kan lages direkte frå fornybare råstoff som trevirke og plantemateriale ved hjelp av termiske prosesser, og slik omdanning ligg også innanfor ramma av organisk kjemi.  I begge tilfella er det viktig å finne ut korleis brukseigenskapane til produkta henger saman med den kjemiske samansetnaden.  Sida både dei naturlige prosessane og nye prosessar som utviklast på laboratoriet dannar kompliserte blandingar av produkt, er der mykje arbeid med ulike organisk analysemetodar i forskinga innan desse fagfelta. Grunnleggjande forståing av mekanismar for organiske reaksjonar er og viktig for å forstå og styre omdanninga.
Eit særskild område for organisk geokjemi er forsking på "livets opphav", som undersøkjar korleis organiske molekyl kan dannast frå uorganiske reaktantar, for eksempel under forholda som finst ved hydrotermale kjelder på havbunnen. 
Ein masteroppgåve innan eit av desse områda gjer deg ein brei erfaring innan organisk kjemi med vekt på laboratoriearbeid som er nyttig både i forhold til industriell bruk, undersøkingar av naturmiljøet og anna analytisk orientert arbeid. Du får erfaring med ulike analysemetodar innan kromatografi og spektroskopi, ofte kombinert med bruk av multivariate verktøy til oppsett av eksperiment og tolking av data. 

Aktuelle rettleiarar

Naudsynte emne

Tilrådde emne

Tilrådde emne i Bachlor graden
Professor Tanja Barth KJEM203, KJEM230, KJEM231 KJEM202, KJEM225, KJEM232, KJEM233 KJEM 230(1), GEOV109,
GEOV101, KJEM250

(1) Emnet har avgrensa tal plassar, og masterstudentar har fyrsteprioritet dersom fleire søkjarar enn plassar.Dersom emnet ikkje vert avlagt som valemne i bachelorgraden, må emnet avleggast i løpet av mastergraden.